Rekordstor interesse for leiarutdanning
Tredje og fjerde mai 2018 var det avsluttande studiesamling for det femtande kullet på Ledelse i helse- og sosialtenestene (LiHS). Heile 50 studentar tek eksamen våren 2018. Studiet er på masternivå (30 stp) og blir organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium over eitt år.
Studiet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU i Ålesund. Studiet blir lagt til dei tre studiestadane etter eit rotasjonsprinsipp. Hausten 2018 er NTNU Ålesund arrangør.
Høgskulen i Volda uteksaminerer sitt største LiHS-kull nokon gong våren 2018. Det vert truleg langt fleire neste studieår. Det er nemleg slik at det er om lag 140 førsteprioritetssøkarar som vil begynne på studiet i Ålesund komande haust. Det er ny rekord!
– LiHS-studiet er eit godt døme på samarbeid innan høgre utdanning i Møre og Romsdal. I løpet av desse 15 åra har studiet blitt populært og uteksaminerer svært nøgde studentar, Alf Roger Djupvik ved Høgskulen i Volda.