På skulebenken for å bli betre undervisarar

Som eit svar på politikarane si utfordring til universitet og høgskular om å heve kvaliteten på undervisninga, tek 40 fagtilsette ved Høgskulen i Volda i haust studiepoeng i høgskulepedagogikk.

Som eit svar på politikarane si utfordring til universitet og høgskular om å heve kvaliteten på undervisninga, tek 40 fagtilsette ved Høgskulen i Volda i haust studiepoeng i høgskulepedagogikk.

Denne veka gjorde 20 tilsette i undervisingsstillingar ved Høgskulen i Volda (HVO) seg ferdig med emnet Rettleiing på fagtekstar, medan 20 kolleager avsluttar emnet Digital didaktikk i mitt fag og emne rett over jul. Begge tel fem studiepoeng og er ei satsing frå HVO som skal gi dei tilsette som underviser studentane pedagogisk kompetanse tilpassa universitets- og høgskulenivå.

– Dette gjer vi for å kunne tilby studentane våre best mogleg utdanning. Vi har fått draghjelp gjennom kvalitetsmeldinga, seier prodekan ved Avdeling for humanistsike fag og lærarutdanning, Anne Øie, og prorektor Jens Standal Groven.

Paradigmeskifte

Med kvalitetsmeldinga meiner dei stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høgare utdanning», som kom tidlegare i år. Den peiker mellom anna på at undervisarar ved universitet og høgskular skal ha pedagogisk kompetanse spesielt retta mot sektoren. Politikarane vil også ha varierte lærings- og vurderingsformer, tydlege læringsmål og ikkje minst at undervisning skal verdsettast høgare.

– Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, snakka om eit paradigmeskifte frå tellekantar og hardt forskingsfokus til utdanningskvalitet når han presenterte stortingsmeldinga for oss i mars. På vegen mot å bli betre på det meldinga peiker på tilbyr vi no egne kurs i høgskulepedagogikk, fortel Øie.

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei gruppe som skal sjå på kriterium for å bli tilsett i ei fagstilling i universitets- og høgskulesektoren. Gruppa skal kome med eit utkast i løpet av denne månaden som til slutt skal ende opp som ei tilsettingsforskrift for sektoren. Den vil sannsynlegvis innehalde eit krav om at nye fagtilsette vil måtte ha kompetanse i pedagogikk for universitet og høgskule, eller skaffe seg det innan eit visst tidsperspektiv.

Heve statusen

I den nye strategiplanen til HVO står det at ein skal styrke den pedagogiske kompetansen til fagtilsette og utvikle ei belønningsordning for god undervisning. Innan juni 2019 skal HVO ha eit meritteringssystem på plass for undervisning.

– Ein må heve statusen for det å arbeide med utdanning ved ein høgskule. Den innebygde premissen om at statusen per i dag er låg, skurrar litt for min del. Eg trur nemleg at det heng høgt å bli rekna som ein god undervisar, men at undervisarar i sektoren er usikre på eigen status på dette området, seier prorektor Standal Groven og fortset:

– Kanskje nettopp i problemstillinga rundt kva god undervisning er, ligg noko av hovudutfordringa som kvalitetsmeldinga maktar å setje fingeren på: Mange som driv med utdanning, veit for lite om det vi gjer innan undervisning, verkar etter føremålet. Satsinga med emna vi har i høgskulepedagogikk og ikkje minst arbeidet som skal bli lagt ned for å få på plass meritteringssystemet, vil vere med på å gi svar på dette.

Matnyttig

Høgskulelektor Jostein Garcia de Presno er ein av dei 40 som i haust har satt seg på skulebenken for å få meir pedagogisk kompetanse. På hans institutt, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, arbeider dei mykje med fagtekstar frå studentane.

Rettleiing på fagtekstar

Det var mykje av grunnen til at han såg nytta av å melde seg på emnet Tilbakemelding på fagtekstar, saman med dei andre du ser på bildet over.

– Vi har mange arbeidskrav som er fagtekstar og bruker mykje tid på det. Difor ønska eg å bli betre på å gi tilbakemeldingar til studentane. Eg vil finne meir ut av kva som fungerer og ikkje, og få litt teori rundt det, fortel Garcia de Presno.

Tidlegare har han laga små videosnuttar med skriveopplæring til dei mange nettstudentane instituttet har. Det var også ein motivasjonsfaktor som gjorde at han ville ha litt meir skolering i pedagogikken rundt fagtekstar og rettleiing av studentar.

– Utbyttet av emnet var over all forventning for min del. Det beste med det er at det er veldig anvendelig – det eg har lært kan eg ta med rett inn i undervisninga mi og bruke med ein gong. Det har også mykje å gjere med at det var meir enn berre teori. Vi måtte skrive tekstar, gi tilbakemelding på tekstar og ta opp videoar.

På tvers av fag

Førsteamanuensisane Synnøve H. Amdam og Pernille Fiskerstrand står bak dei to emna i høgskulepedagogikk i haust, høvesvis Digital didaktikk i mitt fag og emne og Rettleiing på fagtekstar.

I Amdam sitt kurs har deltakarane tatt utgangspunkt i eksisterande emneplan i eit emne dei underviser i og arbeidd med kva faget handlar om.

– Vi har planlagt emneplanane deira på nytt – men no baklengs. Vi starta med utbytte ein skal få og gjekk vidare med kva som skal vurderast og målast undervegs og på kva måte. Deretter ser vi på kva læringsressursar ein kan nytte og på kva måte, og korleis ein kan ha nytte av digitale læringsressursar. På den måten arbeider vi oss baklengs og fram til innhaldet i emneplanen, fortel Amdam.

Fiskerstrand vil at dei som tek hennar kurs skal sitte igjen med betre kunnskap om kva som gjer svaret frå ein student på eit arbeidskrav godt eller mindre godt og kan gi rettleiing til studentane på det.

– Dei har lært å gi læringsstøttande tilbakemeldingar i skriveprosessen. Etter kruset skal deltakarane ha fått eit meir utvikla språk for tekstkvalitet for sitt eige fagfelt.

Å undervise kollegaer har gitt duoen nyttig innsikt i andre fagområde og utveksling av erfaringar. I kursa har alle fire avdelingane ved HVO vore representert.

– Denne fagblandinga er både nyttig og sunn for deltakarane også. Det er også fint å sjå at alt frå høgskulelærar til professor vil vere med, synest Amdam og Fiskerstrand.

HVO vil halde fram emne i høgskulepedagogikk for tilsette i 2018.

Del på: