Med fokus på e-læring
I dag er første arbeidsdag for Hilde Gry Leer-Salvesen. Ho skal ha spesiell fokus på utdanningar som nytter elektroniske hjelpemiddel i fjernundervisning og nettstudium ved Høgskulen i Volda.
- Eg ser fram til å ta til med arbeidet, og til å samarbeide med fagleg tilsette om utvikling av eksisterande og framtidige nettbaserte studietilbod.
Leer-Salvesen kjem til Høgskulen i Volda frå stilling som pedagogisk konsulent i Ulstein kommune. Ho er utdanna lærar med master i didaktikk og organisasjonslæring.
- Eg har merka meg at Høgskulen i Volda har eit godt uval innanfor fleksible utdanningstilbod, og har skjønt at om lag ein tredel av studentane er å finne framfor pc-skjermar over heile landet. Dette er ei viktig studentgruppe.
Ho har alt vore i kontakt med fleire av fagmiljøa som driv med desetralisert undervisning. Leer-Salvesen seier ho alt har lært mykje frå desse, og ønskjer å byggje vidare på kompetansen fagmiljøa sit inne med.
Nettstudium ved Høgskulen i Volda