Matematikk og parkering

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Matematikkstudentar ved 2. året på grunnskulelærarutdanningane har brukt matematikk og såkalla modellering for å finne løysingar på utfordringane knytt til parkering ved Høgskulen i Volda.

Ein heil dag i førre veke var sett av til å arbeide med desse problemstillingane og engasjementet og kreativiteten var stor. Løysingsforslaga frå dei elleve gruppene vart vurderte av ein jury samansett av prorektor Jens Standal Groven, kontorsjef Ragnhild Paulsen Hamre og dosent i matematikkdidaktikk Arne Kåre Topphol. Blant dei mange forslaga var blant anna ei ordning med bygdesyklar og ulike applikasjonar for samkøyring.

Parkeringsavgift og samkøyring

Juryen valde til slutt å gje premien på kr. 1500 til forslaget frå Gruppe 10 som ved hjelp av statistisk materiale hadde sett på verknadane av å innføre parkeringsavgift. Gruppa hadde også laga ein eigen filmsnutt om samkøyring der det sosiale aspektet med å køyre fleire saman var lagt vekt på.

Adrian Sæter og Siri Standen i vinnargruppa synest det var ein gjevande dag og at det var kjekt jobbe på tvers av dei vanlege klassene på grunnskulelærarutdanninga.

– Det å bruke matematikk i konkrete utfordringar i kvardagen som til dømes parkeringsproblematikken ved høgskulen,  får meg til å tenke på matematikk på ein ny og positiv måte, seier Adrian.

 

 

Vinnargruppa
Tre frå vinnargruppa. Frå høgre: Siri Standen, Adrian Sæter og Ingrid Vee Hagestuen.

Ingeborg Berget ved Institutt for realfag var ansvarleg for det faglege opplegget. Ho var godt fornøgd med dagen og innsatsen til studentane.


– Matematikk er ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene som vi skal arbeide med på tvers av fag i grunnskulen. At studentane får prøvd seg i dette med ei relevant problemstilling er difor viktig, seier ho.

Del på