Leiarar i nye Ålesund kommune med kompetanse frå Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Nye Ålesund kommune er i ferd med å få plass dei nye leiarane sine. – Fem av ni, som så langt er på plass, har vore studentar ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, IPAS, ved Høgskulen i Volda, seier instituttleiar Randi Bergem.


 

Instituttleiar Randi Bergem.

Bente Glomset Vikhagen, som blir assisterande rådmann og Malin Piegsa, ny kommunalsjef for kultur og medborgarskap, har begge Master i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. Anne Mette Liavaag, som blir stabssjef for plan, samfunn og næringsutvikling, har masteremna Helse og omsorg i plan og Regional planlegging og utvikling, medan Synnøve Vasstrand Synnes, kommunalsjef for helse og omsorg har masteremnet Helse og omsorg i plan. Kommunalsjef for opplæring Bjørn Ivar Rødal, er høgskulekandidat i kommunal planlegging og administrasjon.

Relevant

– At ein så stor del av leiargruppa i den nye storkommunen har utdanning frå IPAS, viser at ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing og enkeltemne i utdanninga er svært relevant, og gir eit godt grunnlag for leiarstillingar, seier Bergem.

Ein av dei seier det slik: "Studiet i Volda har betydd mykje for meg generelt som leiar i kommunal sektor, og spesielt i byggefasen av ny kommune."

– Mange av studentane våre siktar mot leiarposisjonar på ulike niv når dei går i gang med utdanninga. Men det også fleire døme på at studentar, som i utgangspunktet ikkje har leiarambisjonar, får det i løpet av utdanninga, fordi dei erfarer at utdanninga gir fagleg kunnskap og tryggleik, som motiverer for leiarstillingar, seier instituttleiar Randi Bergem.

Sjå oppslag i Sunnmørsposten

Gå til studiekatalogen.

Del på