KRL nettbasert – fleksibel studieordning
Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har ulike studietilbod der ein kan velje mellom nettbasert eller samlingsbasert undervisning.
- Det er fleire som ønskjer å studere KRL frå andre stadar i landet, og sidan emnet kan innpassast i både bachelorgrader og lærarutdanning er det eit fleksibelt tilbod, seier instituttleiar Ralph Meier.
Kompetanse innafor religion og livssyn er etterspurd, fordi også Noreg har blitt eit mangfaldig samfunn når det gjeld religionar og livssyn. Studiet er nyttig for både privat og offentleg verksemd, og det gir kompetanse til å undervise i skuleverket.
Gode tilbakemeldingar
Ved HVO kan ein ta KRL på ulike nivå. KRL halvårs- og årsstudium (100-nivå) gir kompetanse for å undervise i grunnskulen, og dei dannar grunnlag for å ta vidareutdanningsemne på fordjupingsnivå (200-nivå). Med KRL fordjupingsstudium og godkjend bachelorgrad, kan ein søkje opptak til m.a. mastergradsstudiet i kulturmøte ved Høgskulen i Volda.
- Studentane frå dei siste åra har vore godt nøgde med studiet, seier Ralph Meier.
Det er framleis ledige studieplassar på halvårsstudium, årsstudium og fordjupingsstudium i KRL. Her finn du oversikt over restetorget og korleis du kan søkje studieplass.