Kan få praksis i Silicon Valley

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentar ved Høgskulen i Volda kan tileigne seg unik kunnskap gjennom praksis i teknologihovudstaden Silicon Valley eller ved Det norske konsulatet i Minneapolis.

Høgskulen i Volda (HVO) har fått tilslag om midlar til praksisutveksling for studentar til USA gjennom det nye programmet InternAbroad. HVO sitt prosjekt er eit av 15 i Noreg som har fått støtte, og dette betyr at studentar frå høgskulen i frå neste studieår kan gjennomføre ei praksisperiode i USA med ekstra stipend og rettleiing. I dette prosjektet har HVO samarbeida med Augsburg University og Det norske konsulatet i Minneapolis, samt Innovasjon Noreg sitt kontor Silicon Valley.

Veldig heldig kombinasjon

HVO-studentar bacheloren Planlegging og administrasjon kan velje å studere eit semester ved Augsburg University i Minneapolis og som ein del av studia gjennomføre praksis ved Det norske konsulatet i Minneapolis. Konsulatet i Minneapolis er lite, med berre to faste tilsette, men ligg i storbyen Minneapolis som er eit av knutepunkta for kulturell og økonomisk samhandling mellom USA og Noreg. Det betyr at studentar som gjennomfører praksis der vil få varierte og spanande arbeidsoppgåver og eit unikt innblikk i norsk konsulatvesen, samstundes som at ein vert betre kjend med «det norske Amerika» og storbyen Minneapolis.

Minneapolis

– Det er ein unik moglegheit for studentane. Studia og denne spesielle praksisen er ein veldig heldig kombinasjon, seier Nathalie Homlong som reiser til USA våren 2018 i håp om å finne fleire praksisplassar som kan vere aktuelle for HVO-studentar, seier Nathalie Homlong, professor ved HVO.

Gode kontaktar i Silicon Valley

Studentar frå mediefaga kan søkje på praksis i blant anna start-up bedrifter i Silicon Valley gjennom den kontakta førstelektor Tormod Utne og førsteamanuensis Ana Laws har oppretta med Innovasjon Noreg og teknologimiljøet i Silicon Valley. Her er det snakk om ei intens praksisperiode på opp til to og ein halv månad som er inkludert i emna som studentane tek ved Høgskulen i Volda. Studentar på praksis i Silicon Valley vil kunne få ekstra stipend gjennom dette prosjektet for å dekke kostnader til bustad og visum/forsikring. HVO-studentane kan altså få moglegheit til å få arbeidserfaring midt i verdas teknologihovudstad under studia ved HVO.

– Vi håper å finne studentar som er interessert i skjeringspunktet mellom teknologi og media og som vil reise til USA. Det skjer mykje i mediebransjen i verda om dagen, og mykje av utviklinga er konsentrert i Silicon Valley. Difor håper vi at dette vert attraktivt for våre studentar, seier Utne.

Gro Eirin Dyrnes

Nordiske start-up bedrifter eller etablerte bedrifter har samarbeidspartnaren Innovasjon Noreg god kontakt med. HVO har tett kontakt med leiar for Innovasjon Noreg i Silicon Valley, Gro Eirin Dyrnes (bildet over), som har kontor midt i den teknologiske høgborga.  

I tillegg kan det også vere aktuelt med andre arbeidsplassar.

– Vi har også kontaktar hos større aktørar, som til dømes Google. Vi held moglegheitene opne for ulike bedrifter. Det er artig å sjå at dei kontaktane vi har der borte kan vere verdifulle for oss, seier Utne.

I løpet av 2018 og 2019 kan HVO sende totalt ti studentar på denne type utveksling gjennom det nye prosjektet. Korleis ein skal finne fram til desse studentane er ikkje bestemt og noko høgskulen vil arbeide med framover.

Del på