Kaarstadfestivalen 2018

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Studentar og tilsette ved Avdeling for kulturfag ønskjer alle velkomne til ei veke med konsertar, utstillingar og teaterframsyningar, seier førstekonsulent Catarina Andersson. Kaarstadfestivalen 2018, den fjerde i rekka så langt, tek til søndag 27. mai.

Kaarstadfestivalen, som har fått namnet sitt etter det staselege Henrik Kaarstad-huset, har som mål å skape eit utstillingsvindauge for dei dyktige og kreative studentane ved drama og teater, kunst og handverk og musikk. Vi ønskjer også å skape ein møteplass for studentane og publikum i alle aldrar. Programpostane er i hovudsak bacheloroppgåver og eksamensproduksjonar av høg kvalitet så publikum har verkeleg noko å gle seg til, seier Catarina Andersson.

Dagsaktuelle dramaframsyningar

To av årets dramaframsyningar i Brecht-salen i Kaarstad-huset tek utgangspunkt i tematikken rundt fenomenet #metoo. Studentgruppa har blitt delt inn etter kjønn, og dei to gruppene har utvikla kvar sin teaterproduksjon. Gjennom research og kunstfagleg utforsking har studentane prøvd å finne svar på mellom anna: Kva handlar denne rørsla om? Kva seier dette om samfunnet? Om kjønn? Korleis angår det meg? Korleis vil framtida bli? Fjernar vi oss meir og meir frå kvarandre?

Resultatet er produksjonane "Menn som venter på kvinner" frå den mannlege delen av studentgruppa og "Jeg har. Har du?" frå kvinnene.

Drama

Kunstutstillingar

Eksamensutstillingane til studentane ved Seksjon for kunst og handverk blir viste i Brakketun og Gamlegymnaset (Maurtua). Lena Magerholm og Kine Straume Engjaberg er to av studentane som no jobbar på spreng for å klargjere arbeida sine.

– Det er måling som er mi viktigaste uttrykksform. No arbeider eg med djupne og perspektiv. Reint konkret arbeider eg med eit maleri av Haralddalen i Austefjorden der eg tar utgangspunkt i eit fotografi som eg handsamar på ulike måtar i PhotoShop før eg tek i bruk penslar og måling, seier Kine Straume Engjaberg.

Lena Magerholm har gitt seg i kast med linjer og organiske former som finn vegen til papiret via linoleumstrykk.

– Eg utforskar dette med symmertri, dynamisk asymmetri og balanse i bileta mine, seier Lena.

Kunst.
Kunst

Mange konsertar frå musikkstudentane

I mange år har studentane ved musikkseksjonen avslutta bachelorutdanninga si med dei sokalla bachelorkonsertane. No er desse konsertane ein del av Kaarstadfestivalen, og publikum kan sjå fram til mange gode musikkopplevingar på studenthuset Rokken og i Propellhallen.

To av dei som skal i elden i år er Guro Topphol og Niklas Eggesvik.

Guro, som har song som hovudinstrument, har skrive bacheloroppgåve om korleis ein best kan formilde intensjonen bak ein song gjennom stemmebruk og kroppsleg formidling.

– Eg har fokusert på moderne popmusikk med låtar av blant andre dei norske banda High as a Kite og No. 4., seier ho.

Niklas Eggesvik er gitarist og vokalist med eige band.

– Eg skriv om strategiar ein kan bruke for å kunne synge og spele kompliserte figurar på gitar samtidig. Dette er noko som krev stor konsentrasjon og øving, seier han.

Musikk

Sjå heile programmet her.

Estetiske fag, kunstfag, musikk ved Høgskulen i Volda.

Del på