Godt samarbeid om brubygging mellom Nord og Sør
Fredskorpsstudiet Exchange for Development ved Høgskulen i Volda er eitt av dei største Fredskorpset-Ung-prosjekta til denne tid, og det einaste med utveksling av lærarstudentar. Ein rapport på norsk er no klar, etter at prosjektet vart avslutta i 2008.
I 2008 hadde ein hatt fem utvekslingsrundar med til saman 44 afrikanske og 39 norske deltakarar, melder Norleif Vik som har vore prosjektleiar og fagleg leiar for studiet.
Alle har teke i mot diplom som Fredskorpsdeltakar frå Fredskorps Noreg, i tillegg til vitnemål om halvårsstudium i Skuleretta samfunnsfag SRS105 frå Høgskulen i Volda.
Dei fleste av utvekslingsstudentane i 2004 saman med nokre av lærararne. Sjå bilete frå fleire kull nedanfor.
Tidlegare fredskorpsstudentar frå Malawi som er komne attende for å ta Norsk for utanlandsstudentar (NUS) Mastergradsstudium i spesialpedagogikk. F.v. Twambilele, Hajira og Jennipher.
Haldningsskapande informasjonsarbeid
Som samfunnsfaglærarar i heimlandet vil haldningsskapande informasjonsarbeid i eit brubyggingsperspektiv vere ein del av deira framtidige undervising i kontakt med ei veldig stor målgruppe, så fredskorpsprosjektet har stor spreiingseffekt både i Nord og i Sør.
- Vi er svært glade for at prosjektet har fungert som planlagt og fått mange positive tilbakemeldingar, fortel Vik, som saman med Odd Ragnar Hunnes har vore Høgskulen i Volda sine representantar i prosjektet.
Høgskulen i Volda har samarbeidd med fire afrikanske lærarutdanningsinstitusjonar, to i Malawi og to i Namibia, og vore ein pionerinstitusjon i samarbeidet med Fredskorpset om lærarutdanning og brubygging.
Vi er takksame overfor alle som har vore med på å gjere opphaldet i Volda og Noreg til ei positiv og lærerik oppleving for dei afrikanske lærarstudentane. I ein engelskspråkleg rapport vil vi på same måte takke våre partnarmiljø i Afrika for deira innsats, seier Norleif Vik og Odd Ragnar Hunnes.
Alle studentane frå 2005. Norleif Vik framme til venstre og Odd Ragnar Hunnes til høgre.
Alle studentane frå 2006
Alle studentar frå 2007
Alle studentane frå 2008