Fotoutstilling: My Volda
Studentane ved studiet Foto for Media fekk i byrjinga av semesteret i oppgåve å ta bilete av Volda slik dei opplever bygda. Dei beste bilda er no å sjå i kantina i Berte Kanutte-huset.

Studentane ved studiet Foto for media fekk i byrjinga av semesteret i oppgåve å ta bilete av Volda slik dei opplever bygda. Dei beste bilda er no å sjå i kantina i Berte Kanutte-huset.
For andre gong gir studentane på Foto for media visuelt uttrykk for kva Volda er for dei.
– Mange av studentane kjem frå andre land, og ser Volda i eit vidt perspektiv. Nokre går tett på, og framhevar detaljar av meir og mindre spesiell Volda-karakter. Bileta er printa ut med god og kyndig hand av Margrete Apelseth på hustrykkeriet sin fargeplottar, seier ansvarleg for Foto for media, Gaute Hareide.

