Feira gjennomført styrarutdanning

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Onsdag var studentar, faglærarar og representantar for Sunnmøre regionråd samla i Ålesund til festmiddag for å markere fullført styrarutdanning for barnehage.

Høgskulen i Volda har på oppdrag av Sunnmøre regionråd, IKS oppvekst, gjennomført styrarutdanning for 29 leiarar i barnehagar i regionen. Arbeidsutvalet i regionrådet var viktige for at denne utdanninga kom i gang.

– Denne styrarutdanninga hadde ikkje blitt realisert utan at arbeidsutvalet i Sunnmøre regionråd hadde lagt ned ein formidabel innsats for å få dette til. At dei har hatt mot, både fagleg og økonomisk, til å prioritere denne utdanning viser at dei ser betydninga av kvalifiserte leiarar, seier Gerd Sylvi Steinnes frå Høgskulen i Volda, som har vore fagleg ansvarleg for utdanninga.

Felles løft

Ho takkar for initiativet og samarbeidet.

Dette har vore eit nybrottsarbeid som har kravd mykje både av høgskulen og av samarbeidspartane, og samarbeidet har vore godt.

Gerd Sylvi Steinnes

Steinnes har samarbeidd med faglærarar frå institutt frå pedagogikk og frå institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.

– Det har vore eit felles løft der Roar Amdam, Hilde Muren og Linda Marie Viddal har vore viktige bidragsytarar og faglege ressursar, seier Gerd Sylvi Steinnes.

Utviklingsorientert

Utdanninga er på masternivå og utgjer 30 studiepoeng. I studiet har det vore lagt stor vekt på å utvikle kompetanse i leiing gjennom at deltakarane sjølve har leia eit utviklingsarbeid i eigen barnehage.

Vi veit at kvaliteten på det tilbodet barnehagen gir, er svært avhengig av å ha gode leiarar både på styrarnivå og avdelingsnivå. Samtidig er det ingen som har så stor innverknad på om barnehagen er utviklingsorientert, som styraren.

Gerd Sylvi Steinnes

Utruleg læringsreise

Studentane melder om at dei gjennom studiet har blitt medvitne om at grundig arbeid med fagleg utvikling i organisasjonen, er vegen å gå for å styrke kvaliteten. Dei opplever å stå sterkare fagleg og har dermed større fagleg integritet. Fleire melder om at utdanninga har bidrege til eit løft for heile barnehagen.

– Dette har vore utruleg lærerikt og gitt mange nye perspektiv å knytte mitt arbeid opp mot. Vi har hatt eit trygt og godt miljø der vi kunne dele erfaringar og kunnskap. Det har gitt tryggleik til å stole på eigen kunnskap og har for meg vore ei utruleg erfaring og læringsreise, uttrykte ein av studentane.

Vil utdanne fleire

Høgskulen i Volda har hausta viktige erfaringar frå gjennomføringa av dette studiet og er opne for å gjennomføre styrarutdanninga også i andre regionar dersom det er interesse for det.

– Barnehagen er ein viktig samfunnsinstitusjon og gode leiarar er sentralt for å styrke kvaliteten på tilbodet. Å satse på kvalifisering av leiarar er difor ei god investering, meiner Steinnes.

Del på