Bjerke-disputas: Finansiert av Fritt Ord

Mag.art. Paul Bjerke ved Høgskulen i Volda disputerte torsdag 30. april og hadde sin doktorandmiddag i Fritt Ord sine lokale i Oslo. – Svært passande, sidan dette var det første doktorgradsstipendet som Fritt Ord har finansiert, kommenterer kollega Johann Roppen som overvar disputasen.

d3cb14d88234db3fb2f6f98baadf56385dcdd3ea

Doktoranden og den akademiske prosesjonen: Frå venstre Paul Bjerke, 1. opponent Knut Helland, 2. opponent Margareta Melin, 3. opponent Terje Rasmussen og Espen Ytreberg, leiar av disputasen.

– Bjerke kom svært godt frå disputasen. Han hadde gode og til dels humoristiske svar på det aller meste som vart framført av kritikk og kommentarar frå opponentane. Frå Høgskulen i Volda fekk doktoranden eit måleri av Ørnulf Opdahl og frå kolleger ved Avdeling for mediefag fekk han eit grafisk blad, kommenterte Roppen.

Les også: Bjerke disputerer torsdag

85e225a195b24c71360c4057c2dac51d96afee72

Disputasen overstått. Kommisjonen signerer.

e51132e6cdcac3469395fec7cf328ed31cfe7493

Del på: