Amerikansk PR-professor om krisekommunikasjon
Den amerikanske PR-professoren Carl Botan forklarte innstendig kor viktig det er å kommunisere rett bodskap om svineinfluensaen. Han fortalte også om PR-bransjen sine vilkår i finanskrisetid, skriv smp.no. Torsdag instruerte han voldastudentane i krisekommunikasjon.
– Media spelar alltid på skremmehistoriene i slike samanhengar. Inntil for eit par dagar sidan ville eg sagt at dei overdreiv, men no viser det seg at dei har rett, uttalte professor i kommunikasjon, Carl Botan til studentane torsdag.
Då hadde informasjonsutdanninga i Volda eit ope seminar samarbeid med Kommunikasjonsforeningen i Møre og Romsdal og VRI (virkemiddel for regional FOU og innovasjon). om kommunikasjon i krisetider.
I starten av veka var Botan på møte der amerikanske toppleiarar i helsevesenet (CDC) uttrykte bekymring for svineinfluensa-situasjonen. Onsdag kom den amerikanske medieprofessoren til Volda for å lære informasjonsstudentane kor viktig det er med korrekt og grundig informasjon i krisesituasjonar som dagens pandemitrussel, skriv smp.no.
- Ein er nøydd til å gå ut med så presise opplysningar som muleg for at folk skal forstå kva svineinfluensa er. Media må konsentrere seg om medisinsk og vitenskapeleg informasjon framfor å prøve å styre folk til å føle frykt, uttalte Botan til www.smp.no, og understrekar at media i alt for stor grad speler på kjensler i staden for fakta.