Vitskapleg publisering 2009: Høg aktivitet i Volda
HVO-tilsette har i 2009 publisert vitskaplege bøker, tidsskrift- og antologiartiklar for til saman 84,6 poeng, viser tala i databasen for høgare utdanning (DBH). Dette er nesten like bra som toppåret 2008, då tilsvarande tal var 87,8.
- Vi er godt nøgde med 2009-publiseringa, kommenterer rektor Jørgen Amdam. - Sjølv om det er ein liten tilbakegang samanlikna med 2008, held vi likevel eit høgt nivå. Vi skal hugse på at i fjor hadde vi ein auke på 66 %, og det kan vi ikkje forvente å ha kvart år. I år ser vi t.d. at mange av dei mindre høgskulane har ein stor auke.
DBH-tala viser at Høgskulen i Volda har produsert 0,43 poeng pr. fagtilsett i 2009. Dersom vi samanliknar med andre statlege høgskular, gir det ein 5. plass etter Samisk høgskole, og høgskulane i Lillehammer, Narvik og Oslo.
Ser vi på berre summen av publikasjonspoeng, er Høgskolen i Oslo, som også er den klart største av dei statlege høgskulane, på topp med 362,5 poeng. Etter Oslo følgjer dei større statlege høgskulane, og her kjem Volda på ein 7. plass med 84,6 poeng.
- I høve til storleiken vår målt i budsjettmidlar, kjem vi på tredjeplass etter Høgskolen i Lillehammer og Samisk høgskole, påpeikar økonomisjef Edel Vatne Roald. Tala ho viser til er basisløyving pr. publikasjonspoeng.
I 2009 er det 40 HVO-tilsette som har publisert vitskapleg. Dette er ein auke frå 2008, då det var 29 på HVO som publiserte i vitskaplege kanalar.
Samanlikna med 2008 har den vitskapleg publiseringa i UH-sektoren auka med 9 %, noko Universitets- og høgskolerådet (UHR) kommenterer på si nettside. Det vert m.a. framheva at universiteta og høgskulane no bidreg med meir enn 12 000 nye vitskaplege publikasjonar årleg.
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | |||||
| ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
Eit knippe av publikasjonar frå 2009 der HVO-tilsette har publisert.
Meir informasjon om vitskapleg publisering finst på denne HVO-nettsida (nedst)
http://www.hivolda.no/index.php?ID=9350
All vitskapleg publisering er registrert i Bibsys Forskdok:
- Fagfellevurderte artiklar i vitskaplege tidsskrift
- Vitskaplege monografiar
- Artikkel i vitskapleg monografi