Vil ha kunnskap om profesjonskvalifisering

HVO skal i samarbeid med HiO starte opp eit forskingsprosjekt der siktemålet er å skaffe meir kunnskap om kvifor studentar søkjer seg til ulike utdanningar.

Prosjektet skal vidare finne kva haldningar studentane har til utdanninga si og korleis utdanningssosialiseringa spelar inn på måten dei seinar utøver yrket sitt på.

I byrjinga av september startar innsamlinga av data frå nye høgskulestudentar, og studentar ved fem utdanningar som finns både i
Oslo og på Sunnmøre skal delta.

Ved HVO gjeld dette studentar ved følgjande studium: førskulelærar, allmennlærar, barnevernspedagog, sosionom og media. I tillegg er også sjukepleie- og bioingeniørstudia i Ålesund med.

klasse
Studentar i Volda skal vere med
på ei større studentundersøking.


Materialet vil opne for samenliknande studiar, og undersøkinga kan gje svar på korleis implementeringa av vedtekne fag- og studieplanar ved dei ulike institusjonane verkar inn på studentane sin måte å utøve yrket sitt på.

Prosjektleiar i Volda er Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag.

Meir info:
http://www.hio.no/nytt/vis_art.php3?art=648

Del på: