Vil flytte frå kommunar
Ei undersøking frå Møreforsking i Volda syner at meir enn 30 prosent av unge vaksne mellom 25 og 29 år i Vanylven vil flytte så raskt det lar seg gjere. Meir enn 70 prosent av jentene reknar ikkje med å bu i kommunen om ti til 15 år.
- Det er store skilnader mellom stadene på nokre områder, og på andre er resultatet nedslåande. Best ut kjem Haram med sin nærleik til regionsenteret Ålesund, seier professor Jørgen Amdam, som har vore leiar for prosjektet.
Professor Jørgen Amdam, Høgskulen i Volda
Også Østlandsforsking og Nord-Trøndelagsforsking har vore med og målt kor attraktive og funksjonelle ni ulike stader er for ungdom og unge kvinner. Norsk Institutt for By og regionforsking har gjennomført ei spørreskjemaundersøking på dei same stadene.
Miljøverndepartementet styrer prosjektet saman med fleire departement.
Les meir på Sunnmørsposten sine nettsider:
HTTP://www.smp.no/arkiv/artikkel.asp?id=19977&ka=2