Vil auke forskinga

Rektor Per Halse meiner Høgskulen sin nye strategiplan for forsking og utvikling er offensiv. Endringar frå tidlegare år er at fagtilsette skal kunne ha konsentrert forskingstid, kvinner skal prioriterast, undervisninga skal vere forskingsbasert både på master- og bachelornivå og at Høgskulen formulerer ein felles fagleg identitet.

Strategiplan for Forsking og utvikling 2012-2015 blei vedtatt på styremøtet 26. april. Den nye strategiplanen skal bidra til kunnskapsutvikling innanfor alle utdanningsområde på alle nivå ved Høgskulen: fag- og profesjonsutdanningar innan skule og samfunn, nynorsk, språk og kulturforståing, mediefag, religion, historie og praktisk-estetiske fag.

Offensiv satsing
Rektor Per Halse ser planen som ei offensiv satsing.
– Eg håper og trur strategiplanen vil legge til rette for vidare auke i forskingsaktiviteten ved Høgskulen i Volda, seier han.

Auke andelen aktive
I den nye planen står det at Høgskulen dei neste åra skal satse spesielt på å meir effektivt nytte forsking- og utviklingsressursen i stillingane til dei tilsette. Dei fagtilsette skal sikrast tid til å forske ved at dei kan samle det opp til konsentrerte tider på kalenderen, og i somme tilfelle få heile forskingssemester med få års mellomrom, der det er teneleg. Dekanane har ansvar for å sjå til at forskingsressursane vert godt utnytta.

Strategiplanen slår også fast at Høgskulen skal arbeide for at alle avdelingar får toppkompetanse med tanke på nasjonale og internasjonale forskingsoppdrag, og at ein gjennom kollegarettleiinga skal auke andelen aktive innan forsking og utvikling. Det skal i tillegg oppmuntrast til studentaktiv forsking.

Fleire kvinner
Blant måla i den nye strategiplanen er at minst fem fleire kvinner skal ha dosent- eller professorkompetanse ved utgangen av 2015. For å auke talet på kvinner i toppstillingar vil kvinner som er nær toppkompetanse  bli prioriterte ved tildeling av stipend, stønader eller forskingstid inntil målsettinga om fem fleire er nådd.

Arbeidet med planen
Arbeidet med planen har pågått det meste av studieåret, der innspel og høyringar har blitt innarbeidde i den endelege versjonen.

Del på: