Tilhøve og utfordringar på Søre Sunnmøre
Dette er tittelen på ein arbeidsrapport Jørgen Amdam har laga på oppdrag frå Søre Sunnmøre Regionråd. Rapporten skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med å utvikle strategiar og tiltak for samarbeid.
Oppdraget har gått ut på å bruke eksisterande data og analyser for å gje ei best mogleg samla framstilling av tilhøva innanfor ei avgrensa ressursramme. Arbeidsrapporten må difor sjåast på som eit innspel til vidare debatt og som grunnlag for å utvikle sams visjonar og satsingsområde i det vidare samarbeidet.
Rapporten oppsummerer situasjon og utfordringar på Søre Sunnmøre og spelar inn ein del tema som det bør arbeidast nærare med i regi av regionrådet. Utgangspunktet er dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre, men med blikk både nordover og sørover. Spesielt er det lagt vekt på forhold der kommunane bør ha fordelar av å samarbeide for å utvikle seg sjølv og heile regionen. I den andre delen av rapporten vert nokre utviklingslinjer dokumentert, spesielt:
- Kva utvikling har Søre Sunnmøre hatt samanlikna med andre regionar, og kva kan utfordringane verte i framtida?
- Kva utviklingstrekk og spesielle utfordringar har kommunane på Søre Sunnmøre?
Arbeidsrapport nr. 110: Tilhøve og utfordringar på Søre Sunnmøre.
Av Jørgen Amdam. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2001.
Det har også kome ut eit notat av same forfattar som inneheld fyrste delen av arbeidsrapport nr. 110:
Notat nr. 7/2001: Søre Sunnmøre som region - sterke og svake sider og samarbeidsområde.
Av Jørgen Amdam. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2001.