Styrkar forskingsaktiviteten rundt førskulelærarutdanninga
Liv Gjems er tilsett ved Høgskulen i Volda i ei førsteamanuensis 2-stilling, for eit tidsrom på to år, frå og med 1. mai. Ho skal arbeide med å auke forskingsaktiviteten rundt førskulelærarutdanninga.
Gjems er dr. polit. i pedagogikk og har brei erfaring og kunnskap frå førskulelærarutdanning og barnehagefeltet. Ho underviser, forskar og har vore forskingsleiar for fleire prosjekt. I tillegg har ho forfatta fleire lærebøker. Som forskar er ho opptatt av barns læring gjennom språk, og korleis samtalar med vaksne og eldre barn kan støtte læring. Til dagleg arbeidar ho som førsteamanuensis ved Høgskulen i Vestfold.
Aktiv forskarHausten 2011 avslutta ho eit prosjekt under praksis FoU, Norges Forskingsråd: Barns læring om språk og gjennom språk. For tida er ho involvert i eit prosjekt under PRAKUT-programmet – Early childhood teacher education: students’ knowledge and understanding of early literacy – their trajectories of learning. Prosjektet skal følgje førskulelærarstudentar frå slutten av tredje studieår, til dei er to år ute i yrket. Ho er også med i prosjektet Teachers’ professional qualifications; different forms of preservice programs and different knowledges, der også Peder Haug bidrar med eit delprosjekt. Til hausten startar eit prosjekt om tospråkligheit hos barn, ved Universitetet i Oslo, som hun også er ein del av.
Les meir om hennar forsking på forsking.no: Lærer av det de er opptatt av; Barnefortellinger
Høyr hennar foredrag om Barn Samtaler og læring, i P2 akademiet på nrk.no.