Studium for betre kosthald
Møre og Romsdal fylke meiner folk veit for lite om kosthald og ernæring, og ynskjer no eit samarbeid med Høgskulen i Volda for å starte opp eit studietilbod i løpet av 2009 rette seg mot matvanar i barnehage, SFO og skule, skriv nrk.no. Høgskulelektor Brunstad Øyehaug er positiv.
Dette er det manglande kunnskap om, seier Svein Neerland, fagsjef for folkehelse og levekår i Møre og Romsdal fylke, skriv nrk.no.
- Gjennom arbeidet med "God Helse"-programmet, som vi driv i Møre og Romsdal fylke, så erfarer vi at det er eit auka behov for kunnskap rundt kosthald, seier Neerland til nrk.
Heidi Brunstad Øyehaug er høgskulelektor i kosthald og ernæring ved Høgskulen i Volda. Dei er interesserte i å samarbeide med fylket om dette prosjektet.
- Mat og ernæring er viktig, ein må kunne gi kunnskap til dei som arbeider mellom barn og unge, seier ho.
- Gode kosthaldsvanar blir lagde allereie tidleg i barndomen og i ungdomsåra. Får ein då etablert gode vanar kan barn og unge ta dei med seg vidare i livet, meiner Brunstad Øyehaug.
Høgskulen i Volda har frå før mellom anna studium i:
Matkultur og helse (Årsstudium)
Mat, kosthald og helse (Halvårsstudium)
Mat, kultur og konservering (Halvårsstudium)
Sjå samla ressursside for Matkultur i Volda på www.hivolda.no/matkultur