Studentutveksling med Washington College, USA
I samarbeid med Høgskulen i Molde har HVO etablert samarbeid med Washington College om utveksling av 4 studentar kvart år.
Washington College som er eit velrenommert college like utanfor hovudstaden i USA, har utvekslingsavtalar med universitet over heile verda. Washington College har ikkje utvekslingsavtale med nokon høgskulen i Noreg frå før, og er no svært interessert i å få underteikna ein avtale.
Aktuelle fag ved HVO er forming, kroppsøving, musikk, engelsk og norsk for utanlandske studentar.
Dekanus v/ALU og studiesjefane v/HVO og Høgskulen i Molde reiser til USA 28/5-6/6 for å førebu avtalen.
Meir info: Studiesjef Bjørn Krøvel