Strilesoga - band 3
Førsteamanuensis Atle Døssland ved HVO har skrive band nr. 3 i "Strilesoga - Nord og Midhordland gjennom tidene".
Strilesoga kjem i fem band og er eit populært framstilt men fagleg forankra 5-bands verk om Nord- og Midhordland si historie frå dei eldste tider til i dag.
Forfattarane er framståande fagfolk ved universitet og høgskular på Vestlandet med lang røynsle i å formidle historie og lokalhistorie for eit breidt publikum.
Atle Døssland er førsteamanuensis i historie ved HVO. Han har m. a. også skrive første bandet av fylkeshistoria for Møre og Romsdal.