STRÅLANDE KRITIKK
<I>Reporter Knut Arne Aarset i Sunnmørsposten gjev Høgskulekoret si framføring av "Messias" svært god kritikk. -Og atter ein gong har det klassiske musikkmiljøet i Volda fått stadfesta at det har eit svært så entusiastisk og trufast publikum.
Organist Leif Langdal frå Ørsta seier til Sunnmørsposten at han aldri før har høyrt ei så mektig framføring av Händel sitt krevjande storverk Messias. Konserten fann stad i Volda kyrkje 2. og 3.desember med dirigent Harald Eikaas. Eldrid O’Driscoll, Ragnhild Engeset,Sveinung Hølmebakk og Alf Vatne var solistar saman med Høgskulekoret og eit samansett orkester.
- I orkesteret sat det ein må kalle kremen av lokale musikarkrefter, for det meste faglærarar og halvprofesjonelle utøvarar, skriv Knut Arne Aarset.