Spesialpedagogisk ideologi til Japan

Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda gav i 1998 ut boka Theoretical Perpectives on Special Education saman med Jan Tøssebro frå NTNU. No er boka utgjeve ved eit forlag i Tokyo i Japan. <br>
- Fagmiljø i Japan er interessert i ideologi frå Norden, og at ein no gir ut denne boka på japansk er spennande, kommenterer professor Haug.

Theoretical Perpectives on Special Education (1998) var opphavleg gitt ut på Høgskoleforlaget på engelsk, men er no komen ut ved eit forlag i Tokyo, på japansk.

- Bakgrunnen for denne boka var ein konferanse om spesialpedagogikk med representantar frå Norden og Nord-Europa som vi arrangerte i Ålesund i 1998. Der vart det presentert perspektiv på spesialpedagogisk verksemd med vekt på teori og forsking, fortel professor Haug.

haug_bok_japan

- Det er spesielt inkluderingstenkinga med spesialundervisning i skulen og i barnehagar som er vektlagd, og som det japanske fagmiljøet no viser interesse for, fortel professor Haug.

Boka er tilgjengeleg i japansk netthandel
og frå forlaget Hanmoto
Dessutan kan ein kjøpa boka på japansk Amazon.com

Del på: