Spesialpedagogikk: HVO-stipendiat set dagsorden
Doktoravhandlinga frå Emmy Elizabeth Langøy er oppslag i den nasjonale debatten om spesialpedagogiske tiltak. Resultata viser at dagens tiltak kan gi framtidige vanskar.
Emmy Elizabeth Langøy disputerte i november 2018. Avhandlinga viser mellom anna at velmeinte spesialpedagogiske tiltak for inkludering og meistring i vidaregåande opplæring kan ha motsett effekt lang tid etter. Dette er oppslag i den nasjonale debatten om spesialpedagogikk.
Nokre resultat frå avhandlinga er følgjande: Å bli tatt ut av klassen til undervisning i spesialklasse gjorde medelevar og andre merksame på at disse personene hadde problem. Dette og andre velmeinte pedagogiske tiltak viser seg å forsterke vanskane for den enkelte og å ha konsekvensar for vaksentilpassing fleire år etter. Livsløpsperspektivet med samanlikningar over tid, gjer det såleis muleg å spore utilsikta negative verknader av velmeinte spesialpedagogiske tiltak. Forskingsresultata i avhandlinga byggjer på kvantitative data frå det longitudinelle forskingsprosjektet Sårbar Ungdom ved HVO, som har følgt dei unge i 20 år frå dei tok til med vidaregåande opplæring i 1994. Avhandlinga bygger også på kvalitative retrospektive intervju med 21 personer som fortalde at særordningane forsterka problema dei sleit med og i mange tilfelle førte til mobbing og sosial utestenging. Avhandlinga drøftar også korleis dei tidlegare særvilkårselevane i åra etter skuletida utviklar strategiar for å handtere vanskane dei har fått og vidare tilpassing i vaksenlivet. Samla sett er dette forskingsbasert kunnskap som kan få både spesialpedagogiske og sosialpolitiske konsekvensar.
Ein meir utfyllande omtale av avhandlinga og disputasen finn du på heimesida til Gruppe for Livsløpsforsking ved HVO
eller du kan gå direkte til omtalen av disputas og avhandling
Oppslaget i TV2.no om den nasjonale debatten av spesialpedagogikken, finn du her