Skriftserien Kyrkjefag Profil
Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
Nye kyrkjelege profesjonar har reist nye utdanningsbehov utover det pastorale. Det gjeld t. d. kateketar, dåpslærarar og ungdomsarbeidarar, og det gjeld kyrkjeverjer og andre med administrative oppgåver i kyrkja.
Med omgrepet "kyrkjefag" er såleis det tradisjonelle praktisk-teologiske fagfeltet utvida. Det er tale om ein kyrkjekunnskap med eit meir fleirfagleg perspektiv, der t. d. religionssosiologi og kulturanalyse høyrer med.
Bøker i serien:
Kateketen i fokus
Nokre perspektiv på katekettenesta. 2001
Red: Jan Ove Ulstein (cand. theol. og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda)
"Jeg gikk meg over sjø og land"
Festskrift til Ottar Berge på 65-årsdagen. 2001.
Red: Jan Ove Ulstein (cand. theol. og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda) og Per M. Aadnanes (dr. philos. og professor ved Høgskulen i Volda)