SKAL STUDERE LOKALVAL
Førsteamanuensis Bjarte Folkestad ved Avdeling for samfunnsfag og historie er med i eit forskingsprosjekt om lokaldemokrati innanfor forskingsrådsprogrammet DEMOS. Det er lokalvala i 2019 og 2023 som skal undersøkast. I forskargruppa er det med forskarar frå universiteta og forskingsinstitutt i Oslo og Bergen.

Førsteamanuensis Bjarte Folkestad ved Avdeling for samfunnsfag og historie er med i eit forskingsprosjekt om lokaldemokrati innanfor forskingsrådsprogrammet DEMOS. Det er lokalvala i 2019 og 2023 som skal undersøkast. I forskargruppa er det med forskarar frå universiteta og forskingsinstitutt i Oslo og Bergen.
Prosjektleiinga er ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) i Oslo. I snart 25 år har forskarar ved ISF i samarbeid med fleire andre leiande forskingsmiljø evaluert det norske lokaldemokratiet. No har forskarar frå desse institusjonane fått tilført 12 millionar frå Norges forskningsråds DEMOS-program for å vidareføre forskinga gjennom lokalvala i 2019 og 2023. Dei som saman med ISF har søkt om midlar er NORCE Norwegian Research Centre, Universitetet i Oslo, Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Syddansk Universitet i Danmark.
Ved Høgskulen i Volda er det førsteamanuensis Bjarte Folkestad ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASF) som er med i samarbeidet.
– Det norske lokaldemokratiet går inn i ein svært spennande periode, blant anna med tanke på gjennomføringa av kommunereforma. Eg skal særleg forske på partisystemet, nominasjon og representasjon, seier førsteamanuensis Folkestad.

Førsteamanuensis Bjarte Folkestad.
Eit interessant spørsmål er korleis det vil gå med dei sokalla lokale listene når kommunane slår seg saman.
– Dei lokale listene finns berre lokalt, og eksisterer på ein måte ved sida av den nasjonale partistrukturen. I Noreg har slike lokale lister også blitt vanlegare i større kommunar. Etter kommunereforma i Danmark forsvann dei lokale listene og det nasjonale partisystemet var tydlegare i kommunevala, seier førsteamanuensis Bjarte Folkestad.
Vidare vil det også knytte seg stor spaning til korleis kvinners representasjon i lokalpolitikken vil utvikle seg i framtida.
- Vil me til dømes sjå ein periode no der ein i samanslåtte kommunar vil legge større vekt på geografisk representasjon og at dette kan føre til færre kvinner i lokalpolitikken i nokre kommunar framover, spør Folkestad.