Skal løfte doktorgradsutdanning
I førre veke starta eit nytt forum som skal gjere ph.d.-studiet i Volda og Molde betre – både for kandidatane og rettleiarane.

I førre veke starta eit nytt forum som skal gjere ph.d.-studiet i Volda og Molde betre – både for kandidatane og rettleiarane.
Ph.d.-studiet i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskolen i Molde. Torsdag og fredag i førre veke var doktorgradskandidatane ved studiet og rettleiarar som dei nyttar seg av samla i Ålesund for det første metodeforumet. Totalt var rundt 45 personar til stades.
Nyttige tilbakemeldingar
Metodeforum skal vere ein arena der dei kan diskutere relevante problemstillingar. Det er lagt opp til fire samlingar i året.
– Forumet skal vere ein kjerneaktivitet i doktorgraden. Det er også eit viktig møtepunkt sidan dette er eit samarbeid mellom høgskulane i Volda og Molde, seier Kjartan Leer-Salvesen, førsteamanuensis ved HVO og ansvarleg for forumet.
Doktorgradsutvalet har vedteke at kandidatane på programmet skal ha ei midtvegsevaluering, som normalt skal leggast til Metodeforum. Under det første forumet fekk dei fyre fyrste kandidatane arbeidet sitt evaluert midtvegs i løpet.
– Det var både interne og eksterne opponentar til stades, og i tillegg doktorgradsutvalet og andre faglege tilsette som er knytt til ph.d.-studiet, som gav tilbakemeldingar. Vi hadde også diskusjonar i plenum. Kandidatane fekk gode råd og tips om korleis dei kan arbeide målretta mot ferdigstilling av doktorgradsavhandlinga si. I ettertid har eg fått gode tilbakemeldingar frå dei kandidatane som vart evaluert, fortel Leer-Salvesen.

Erlend Walseth var den første kandidaten i ph.d.-studiet knytt til HVO som fekk midtvegsevaluering.
Viktig suksesskriterie
Metodesamlinga inneheldt også ein temadel om rettleiingsrelasjonen, der professor ved HVO, Kåre Heggen, innleia med å snakke om kva forventningar kandidatane og rettleiarane kan ha til kvarandre. Ei fersk undersøking frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning viste tydeleg at rettleiing kan hindre kandidatane i arbeidet sitt.
God rettleiing er eit av dei viktigaste suksesskriteria i eit doktorgradsarbeid. Difor tek vi det på alvor.
Sosial møteplass
I tillegg diskuterte ein også forskingsetiske problemstillingar knytt til medforfattarskap.
– Reglane er dei same, men praksis er ulik på dei forskjellige fagfelta. Vårt ph.d.-studium er tverrfagleg og på den måten kan ein lære av kvarandre, forklarar leiaren av forumet.
Han fortel også om ein anna viktig dimensjon ved forumet.

– Ein viktig intensjon er at det også skal vere ein sosial møteplass. Å bli betre kjend med kvarandre og bygge nettverk vil løfte alle. Når 45 fagpersonar møtast, spelar også den uformelle delen ei viktig rolle.