Sjå Bjørn Kjetil Larsens disputas 8. april

Bjørn Kjetil Larsen ved Avdeling for samfunnsfag og historie disputerer fredag 8. april. Du kan sjå både prøveforelesninga og disputasen direkte her.

Bjørn Kjetil Larsen ved Avdeling for samfunnsfag og historie disputerer fredag 8. april. Du kan sjå både prøveforelesninga og disputasen direkte her.

Bjørn Kjetil Larsen (45) har ein mastergrad i samfunnsendring, organisasjon og ledelse frå Høgskolen i Molde. Graden var fullført i 2011. I tillegg har han over 20 års erfaring frå sosialt arbeid. Larsen er no tilsett som høgskulelektor hos Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Molde.

Sjå prøveforelesning og disputas her frå kl. 10.15.

Kl. 10.15: Prøveforelesning

Tema for Larsen si prøveforelesing er: Collaboration, Wicked Problems and Complex Needs: Prisoner Reintegration in a Norwegian Welfare Context

Kl. 12.15: Disputas

Tittelen på avhandlinga er: Exploring Interprofessional Collaboration in the Field of Criminal Justice in Norway -A Mixed Methods Study of Prisoners' Reintegration after Prison.

Avhandlinga er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Studentsørvis og i biblioteket

Del på: