Seminar om møtet mellom religionar
Formålet med seminaret "Kulturkontekst, religionsmøte og<br>
kontekstualisering" 12.- 13. oktober er å kasta lys over nokre av dei mest påtrengjande spørsmåla omkring møtet mellom ulike religionar.
Kulturmøte og kontekstualiseringsproblematikk var lenge ei sak for misjonen. Del siste tiara har likevel vist at vi ikkje kan halda slike kulturelle brytingar på god avstand frå den vestlege kulturkrinsen lenger. Innvandring frå andre verdsdelar har såleis påført oss religiøst lada kulturmøte på heimebane. I tillegg har nye kommunikasjonteknologiar gjeve kulturmøta ein ny dimensjon, nemleg ein aukande religiøs og livssynsmessig synkretisme. Dette utfordrar ikkje berre kyrkja men kulturtradisjonen vår i det heile.
På dette seminaret inviterer vi til samtale omkring del spørsmåla som slike religionsmøte reiser.
Program
Måndag 12.10.98
Open gjesteførelesning
Rom: Aasen 228
0915 1100:
Professor Jan Martin Berentsen: Religionsteologiske perspektiv
1. tema: Kulturkontekst og kristen misjon
Rom: Aasen 233
1200 1215:
Introduksjon til seminaret v/Per M. Aadnanes
1215 1330:
Førsteamanuensis Arne Redse: Kulturskilnader, religionsmøte og
kontekstualisering
1345-1500:
Professor Jan Martin Berentsen: Kristendommens møte med folkeleg
buddhisme i Japan
1500 1530:Pause
1530 1700:
Førsteamanuensis Arne Redse: Buddhisme i aust og vest
Tysdag 13.10.98
2. tema: Religionsmøte på heimebane
Rom: Aasen 233
0915 1100:
Amanuensis Jan Opsal: Islams møte med norsk kristendom
1100 1130: Pause
1130 1330:
Cand. theol. Joachim Grün: Utfordringa frå nyreligiøsiteten
FAKK
Faggruppe for kristendomskunnskap og kyrkjefag