Seminar: Digital kringkasting
Seminaret 2.-3. november tek føre seg kringkastingsjournalistikk i den digitale medieverda. Kva hender med formkonvensjonane i radio og fjernsyn? Kjem det nye retoriske og estetiske verkemiddel som følgje av digitaliseringa?
Internettet er både ein konkurrent til tradisjonell kringkasting, og eit nytt medium som etablerte medieaktørar kan kringkaste i «nettkasting». Nye produksjonsmåtar fører til endring i både retoriske og estetiske trekk ved utsendinga. I radio og fjernsyn erstattar digitaliseringa sakte men sikkert analoge produksjonsmåtar, medan nettkastinga er eit medium skapt fullstendig innafor digitale logikkar.
Kva hender med formkonvensjonane i radio og fjernsyn? Kjem det nye retoriske og estetiske verkemiddel som følgje av digitaliseringa? Hybridane som vert «webradio» og «web-tv» eller «nettkasting», treng å bli forstått betre. Kva skjer når radio og fjernsyn flyttar inn på Internett og blandar seg med nettavisene? Er auken i bandbreidde byrjinga på ein ny medierevolusjon?
Dette er av dei emna deltakarane på haustseminaret i Volda får høve til å setje seg betre inn i og drøfte. Vi håper at seminaret kan verte eit møte mellom medieforskarar og bransjefolk som deler interessa for å forstå den nye medieverkelegheita betre.
Seminaret er gratis og ope for alle.
Meir info:
http://www.hivolda.no/amf/digitale_media/index.html