Seanse feirar milliontilskot

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 1,2 millionar kroner per år i tre år framover til Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda. Hovudverksemda til Seanse er å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge. – Dette er eit stort klapp på skuldra for arbeidet vi gjer, seier senterleiar Marit Ulvund.

Samarbeidet med Høgskulen i Volda gir Seanse tilgang til eit av landets breiaste kompetansemiljø innan kunstfag og gode lokale for kunstnarleg arbeid. Seanse har hatt over 500 kunstnarar på opphald i Volda sidan starten med «Prøvekluten» i 2004.

Produsent Silje Elise Grevsnes ved Seanse i Volda gler seg over vidare samarbeid med kunstnarar frå heile verda.

– Vi tek imot kunstprosjekt i alle sjangrar, og meir informasjon og søknadsskjema finnes på nettsidene våre. Ta kontakt med oss om du har spørsmål, seier Grevsnes som også minner om at Seanse vil feire 15 års jubileum i 2019. 

 

seanse feirar
Frå venstre: Senterleiar Marit Ulvund, rektor ved Høgskulen i Volda Johan Roppen, produsent Silje Elise Grevsnes, fungerande høgskuledirektør Per Halse og dekan ved Avdeling for kulturfag Aud Folkestad.

Del på