Samarbeid om barnehagebasert utviklingsarbeid
Dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda om barnehagebasert utviklingsarbeid for tilsette i barnehagane. Bakgrunnen for samarbeidet er ny rammeplan for barnehagen.

Barnehagane i dei fem kommunane har starta eit utviklingsarbeid for tilsette i samarbeid med Høgskulen i Volda. 16. oktober var 170 deltakarar samla for felles kompetanseheving. Foto: Nye Ålesund kommune.
Dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda om barnehagebasert utviklingsarbeid for tilsette i barnehagane. Bakgrunnen for samarbeidet er ny rammeplan for barnehagen.
Barnehagane har meldt inn kva tema dei ønsker skal bli tatt opp og med bakgrunn i tilbakemeldingar vil seks tema rullere over tre år:
- Progresjon og vurdering
- Livsmestring og helse
- Mangfald
- Overgangar
- Barn med særlege behov
- Digital praksis
Dei fire førstnemnde tema skal gjennomførast i 2019.
Kvar barnehage har ei arbeidsgruppe som har hovudansvar for gjennomføring i eigen barnehage og vil få rettleiing fra Høgskulen i Volda.
Det skal vere både fysiske og digitale samlingar.
27. september var det samling i Skodje for alle styrarar der hovedtema var styrarens rolle som motivator, inspirator og leiar.
16. oktober var samlinga i Ålesund for arbeidsgruppene der tema var knytt til ulike sider ved prosjektleiing.
170 deltakarar frå 63 barnehagar i dei fem kommunane var sama i bystyresalen der det var ei god blanding av forelesing og arbeid i grupper.
No skal barnehagane utarbeide problemstillingar som sendast til høgskulen og eigen kommune. Desse dannar grunnlaget for fire fagsamlingar i januar og februar 2019.