Refsar regjeringa
Høgskuledirekør Jan Driveklepp og rektor Gunnar Stave er ikkje imponerte over regjeringa sin utdanningspolitikk når det gjeld barnehagesektoren.
Regjeringa vil opprette fleire tusen nye barnehageplassar, men kuttar på same tid mange mange hundre studieplassar på førskullærarutdanningane.
Eit paradoks
- Det er eit paradoks at regjeringa skjer ned på utdanningskapasiteten på same tid som talet på barnehageplassar skal opp. Allereie i dag slit vi med for mange ufaglærte i barnehagane. Rgjeringa sin politikk vil berre gjere rekrutteringsproblema verre, seier rektor Stave.
Høgre løn
Driveklepp og Stave er krystallklare på kva medisin som må til for å auke rekrutteringa til førskulestudiet.
- Førskulelærarane må opp på eit heilt anna lønsnivå enn i dag, seier dei.
Kjelde: Sunnmørsposten