Professor Halse med to nye bøker
Professor Per Halse ved Institutt for religion og livssyn er aktuell med to nye bøker som både forskarar, studentar og ålmenta vil ha glede og nytte av å lese. «Norsk kristendomshistorie» er skriven saman med professor Hallgeir Elstad og «Historia om Fyrebilsbibelen», den fyrste bibelen på nynorsk, er skriven saman med professor Anders Aschim.
– I arbeidet med desse bøkene har eg hatt eit svært godt samarbeid med mine medforfattarar. I begge prosjekta har vi delt på skrivearbeidet, men vi har sikra god involvering ved at vi i heile tida har gjeve kvarandre tilbakemeldingar på det vi har skrive. Bøkene er også fagfellevurderte i regi av forlaga, seier professor Per Halse.
Norsk kristendomshistorie
Kristendomen har ei tusenårig historie i Noreg. I «Norsk kristendomshistorie» gir forfattarane Halse og Elstad, tilsett ved Det teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, ei samla framstilling av denne historia, frå kristningsperioden og fram til vår eiga samtid.
– «Norsk kristendomshistorie» er tenkt som ei pensumbok for dei som studerer teologi eller religionshistorie innan høgare utdanning. For å få stoffet tilpassa målgruppa har vi hatt eit godt samarbeid med redaktør Beate Homlung i forlaget, seier professor Halse.
I boka kjem det fram at kristendomen i Noreg har gjennomgått omfattande endringar når det gjeld tru, praksis og plass i samfunnet; frå kristningsprosessen i mellomalderen, konfesjonsskiftet på 1500-talet til nyare tids modernisering og differensiering som etter kvart har endra vilkåra for kyrkje og kristendom.
I framstillinga viser forfattarane korleis kristen tru og praksis har arta seg gjennom historia, og at kyrkje og kristendom aldri har verka i eit vakuum. Kristne førestillingar har påverka og blitt påverka av kultur og samfunn lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Den religiøse utviklinga blir dermed sett inn ein breiare samfunnskontekst, og gjennom heile framstillinga blir tilhøva i Noreg sett i lys av det som skjedde elles i Europa.
– Sjølv om dette er ei bok retta mot bruk i høgare utdanning, vil eg tru at der også finns ein marknad blant alminneleg interesserte. I møte med andre kulturar og religionar er det mange som fått ei fornya interesse for kristendomen si rolle i landet vårt. Det har vore eit mål å skrive på ein måte som gjer stoffet interessant og tilgjengeleg for dei fleste, seier Halse.
Nynorsk
Begge bøkene er skrivne på nynorsk, noko som er eit viktig poeng for professoren som i 2009 disputerte for ph.d.-graden med avhandlinga «Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859–1908».
– I ei tid der engelsk får større og større plass er det viktig at fagfolk ved universitet og høgskular formidlar på norsk og held ved like og utviklar eit norsk fagspråk.
Om "Den fyrste bibelen paa norsk"
Kampen for språkleg jamstilling på ulike samfunnsområde sette sitt tydelege preg på norsk språkhistorie i tiåra før og etter 1900. Kort tid etter at Ivar Aasen hadde lagt fram dei første skriftene om landsmålet, kom det freistnader på å bryte med den danske omsetjinga av bibeltekstane. Det nye testamentet låg føre på landsmål i 1889. Då «Tekstbok og altarbok for Den norske kyrkja» blei autorisert i 1907 vart det mogeleg å feire full gudsteneste på nynorsk med liturgi, salmesong tekstlesing og preike. Men det mangla ein fullstendig norsk bibel.
I 1921 kom så den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, kjent under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er utgjevaren. På tittelsida står det «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ein kunne tru.
– Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk. Historia blir ekstra imponerande av di arbeidet blei leia av studentar i Studentmållaget i Oslo. Initiativtakarane gjorde frå starten klart at det handla om ei «fyrebils» bibelutgåve. Dei innsåg at det var ei særs langdryg oppgåve å skulle få ei fullstendig og vitskapleg omsetjing av alle skriftene etter grunntekstene. Difor vart det lagt opp til ein storstilt dugnad der både teologar, filologar og sjølvlærde nynorskbrukarar fekk fordelt dei mange tekstene mellom seg. I staden for å setje om frå hebraisk vart nye omsetjingar til andre nordiske språk lagde til grunn. I påvente av ei fullstendig grunnspråkleg omsetjing handla det førebelse såleis om ei mellombels naudhjelp. Viktige argument var at mange skulekrinsar hadde landsmål som opplæringsform, og fleire og fleire kyrkjesokn gjekk over til nynorsk liturgi. I den stoda opplevde mange at bibelsaka hasta, seier professor Per Halse som saman med professor Anders Aschim ved Høgskolen i Innlandet har skrive boka "Den fyrste bibelen på norsk. Historia om Fyrebilsbibelen».