Professor Amdam presenterte rapporten om kommunesamanslåing

Professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda la i dag fram rapporten om den framtidige kommunestrukturen på søre Sunnmøre. Eit av forslaga i rapporten går mellom anna ut på å samle ein felles storkommune på søre Sunnmøre med eigen ordførar og eige kommunestyre.

Kommunesamarbeid og kommunesamanslåing på Søre Sunnmøre

Prosjektet går ut på å samle inn data for kommunane på Søre Sunnmøre for å få fram eit kunnskapsgrunnlag som kan brukast til å vurdere samanslåing av alle eller nokre av kommunane i høve til utvida interkommunalt samarbeid.

Oppdragsgjevar er Søre Sunnmøre Regionråd der dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er med. Dei sju kommunane er Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta. 

Prosjektleiar: Jørgen Amdam
Prosjektmedarbeidarar: Inge Dyrhol, Johan Barstad og Geir Tangen

Presentasjon av analysen (word-dokument)

Les meir på smp.noMøreforsking og nrk.no/mr.
Sunnmørsposten kommenterte også rapporten på leiarplass, onsdag 26. mai.

Del på: