Opa førelesing med Lars Tuastad
Musikkterapeut Lars Tuastad vil presentere doktorgradsarbeidet sitt i rom 104 i Kaarstad-huset onsdag 6. november kl. 10.00 – 11.30.
Konsert på Rokken tysdag
«Me and THE BAND`its» er eit band som Lars Tuastad starta med innsette i Bergen fengsel. Dei har halde fram med å spele og skape musikk og tekstar etter at dei kom ut igjen i samfunnet. Tuastad er bassist i bandet, samtidig som han arbeider med doktoravhandling om prosjektet. Konserten blir tysdag 5. november kl. 19.00 studenthuset Rokken.
Spelte seg ut av fengselet
Medlemmene i «Me and THE BAND’its» begynte i spele saman medan dei var innsette, og har halde fram som band også utanfor murane. Musikken vart ein viktig del av tilbakeføringa til samfunnet.
I tillegg til Tuastad er bandet samansett av låtskrivar Kjell Andreasson på vokal og akustisk gitar, Sigurd Ekenes på elektrisk gitar og Geir Akse på trommer.
NRK
I februar 2012 viste NRK eit program om «Me and THE BAND`its». I den svært gripande dokumentaren «Blodige tårer» vart sjåarane kjende med frontfiguren «Kjellemann». Kjellemann er den fødde historieforteljar, noko som kjem tydeleg fram i dei sjølvbiografiske songane han lagar. Han kan kunsten å «fange» ei forsamling og har i eiga evne til å snakke rett inn i hjartet til folk.
Det er fri inngang for alle musikkstudentane ved Høgskulen i Volda, for studentane på masterstudiet og studentane på sosialfag.