Nytt forskingsprosjekt

Asbjørn Simonnes har fått midlar frå Barne- og familiedepartementet til eit treårig forskingsprosjekt om barn og media. Prosjektet skal gjennomførast i åtte kommunar i Møre og Romsdal, dei såkalla verdikommunane.

Simonnes blir prosjektleiar, og skal ha med seg Gudmund Gjelsten som forskar. Prosjektet rettar søkjelyset mot spenningsfeltet mellom den undervisning og oppseding barn får i heim og skule og dei impulsar som kjem gjennom media- og dataindustrien. Prosjektet tar sikte på å gi stemme til barn og unge sine tankar, kjensler og haldningar i forhold til denne spenninga. Norsk Forskingsråd har vurdert og godkjent forskingsopplegget.

I styringsgruppa for prosjektet sit Asbjørn Simonnes, Gudmund Gjelsten, Bjarne Kvam, som er rektor ved lærarhøgskulen ved NLA og Lars Gaute Jøssang, som er førsteamanuensis ved NLA. Prosjektet si faste referansegruppe består av tre utanlandske fagpersonar og fire norske.


-rektor

Del på: