Ny Sørbø-bok: Lyset frå fars ansikt
Professor Jan Inge Sørbø presenterte i går boka "Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt" i Oslo. Søndag morgon kan du høyre Sørbø snakke om den nye boka i radioprogrammet "På livet laus" på NRK P2.
Historia om den siste tida før faren døydde er bakgrunnen for boka, der forfattaren reflekterer over kva ansvar vi har for å ta oss av gamle menneske. Dei kan ha mist talen og minnet, men aldri menneskeverdet.
– Eg har skrive ei bok om det å fylgje foreldra inn i den siste fasen, gjennom sjukdom til dei døyr, fortel Sørbø. – Særleg utfordrande kan det vere dersom dei misser språket, heilt eller delvis. Det eg skriv om dette, hentar eg frå to kjelder: Dels erfaringane mine, og dels at eg tok til å undervise i etikk for helse- og sosialarbeidarar i same periode som eg arbeidde med boka. Eg prøver i boka å få desse to tinga til å henge saman: Å bruke dei modellane som finst i etikken, på mine eigne røynsler.
Han fortel vidare at han fekk særleg mykje ut av å tenkje gjennom den samtalens etikk som bl.a. Habermas og Skirbekk skriv om, i forhold til menneske med svekka eller tapt språkleg evne: – Korleis kan vi halde folk inne i samtalen og inne i si eiga livshistorie etter at dei sjølve har fått vanskar med å snakke? spør Jan Inge Sørbø, som er tilsett ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.
Boka er gitt ut av Det norske samlaget. Ei oversikt over bøker og bokkapittel av den produktive forfattaren Sørbø finst i Bibsys Ask
.
Søndag 19. september kl. 8.30 kan du høyre Jan Inge Sørbø snakke om boka i På livet laus på NRK P2.
I dagens papirutgåver av Sunnmørsposten(Atekst, Retriever) og Klassekampen
(Atekst, Retriever) er Jan Inge Sørbø intervjua om den nye boka.