Ny rapport: Vegar til vaksenliv. Livsløp og sosial inkludering
Tilrettelagd opplæring skjer gjerne som spesialpedagogiske tiltak på grunnlag av sakkunnig vurdering. Samanlikna med dei såkalla normalelevane i klassa blir desse ungdomane lett identifiserte som annleis eller avvikande.
Tema
Det gjennomgåande temaet i rapporten er ulike sider ved dei vala dei unge gjer og dei vilkåra dei møter gjennom livet.
– Kapitla set søkjelyset på utdanning, arbeid, bustad, familie, psykisk helse og sosiale nettverk. Målet med spesialpedagogisk tilrettelegging er sosial inkludering i brei forstand. Eit viktig spørsmål i rapporten er korleis erfaringane frå skuletida har påverka tilpassinga i seinare vaksenliv, seier professor Finn Ove Båtevik som saman med professor emeritus Rune Kvalsund og professor emeritus Jon Olav Myklebust har redigert sluttrapporten.
Vegen til eit vaksenlivet
Mange av særvilkårselevane møter bratte motbakkar. Det heiter gjerne at det er i motbakkane det går opp og fram. Men i motbakkar kan det også gå «nord og ned».
– Styresmaktene tenkjer gjerne ut frå ein modell der beinvegar gjennom vidaregåande opplæring, utan avbrot og opphald, er idealet. Men vi finn også dei som går omvegar og som også har nytte av desse. Andre møter vegkryss, der dei må velje retning vidare. Blindvegar tvingar fram nye val. Derfor er det like vesentleg å registrere og analysere tilbakesteg og fall på denne ferda. I denne rapporten gjer vi fleire forsøk på det. Forskinga vår set såleis søkjelys både på positive og negative utviklingsmønster. Det må til for å kunne forstå, forklare og tenkje moglege tiltak for forbetring, seier Båtevik.
Om rapporten
Innhaldet i denne forskingsrapporten er blitt til gjennom ei prosjekthistorie på meir enn 20 år, med ulike fasar. Rapporten består av følgjande kapittel, med tilhøyrande forfattarar:
Kapittel 1. Jon Olav Myklebust: Livsløpsperspektiv på ungdomstid og vaksenliv
Kapittel 2. Finn Ove Båtevik og Jon Olav Myklebust: Metodologiske utfordringar i longitudinell forsking
Kapittel 3. Rune Kvalsund: Funksjonshemma, sårbar eller funksjonshindra? Avvik og normalitet mellom personeigenskapar og kontekstvilkår
Kapittel 4. Rune Kvalsund: Avvik- og normalitet – når tidsdimensjonen er med
Kapittel 5. Emmy Elizabeth Langøy: Frå tal til tale: Tidlegare særvilkårselevars erfaringar frå overgangen til vaksenlivet
Kapittel 6. Gerd Skjong: Sårbare unge vaksne på NAV-tiltak – på veg mot betre liv?
Kapittel 7. Eli Fjeldseth Røys: Oppturar og tilbakeslag på vegen mot arbeid
Kapittel 8. Vidar Myklebust og Rune Kvalsund: Risiko for psykisk liding hos tidlegare særvilkårselevar. Eit samspel mellom personeigenskapar og kontekstuelle skulefaktorar?
Kapittel 9. Finn Ove Båtevik: Arbeid for livet? Tidlegare særvilkårselevar på arbeidsmarknaden Kapittel 10. Jon Olav Myklebust: Utdanningsløpet for sårbar ungdom. Fungerer spesialklasse og lærarassistent som hjelpetiltak?
Kapittel 11. Rune Kvalsund og Irene Velsvik Bele: Sosial inkludering – når skulen slepper taket
Kapittel 12. Rune Kvalsund og Irene Velsvik Bele: Sosial inkludering – når ‘sosiale medium’ invaderer livsverda
Kapittel 13. Jon Olav Myklebust: Lærdommar frå eit longitudinelt forskingsprosjekt
I tillegg til dette gir rapporten eit kort overblikk over historia til prosjektet.
Sjølv om rapporten gir innblikk og overblikk over viktige sider ved prosjektet, består arbeidet av ein god del arbeid som går utover det som er dekt i rapporten. Det er også planlagt nye publiseringar frå prosjektet. Så arbeidet er ikkje avslutta!
Lenke til gruppe for livsløpsforsking ved Høgskulen i Volda.