Ny professor ved Høgskulen i Volda
Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag er tilkjent professorkompetanse i medievitskap. Werenskjold har vore tilsett ved Distriktshøgskulen/Høgskulen i Volda sidan 1992, då han starta som amanuensis.
Werenskjold disputerte i 2012, og da tok han eit oppgjer med fleire myter rundt dei ulike aktørane under 68-opprøret i avhandlinga si. Blant anna har media si rolle blitt overvurdert, ifølge Werenskjold. I tillegg såg han på ulike aviser si dekning av demonstrasjonane, blant anna i Norge, og fant at deira framstilling ikkje var så negativ som den internasjonale forskingslitteraturen vil ha det til.
Werenskjold har blant anna vore prosjektleiar for prosjekt som Media and Protest/Media and the Cold War som fekk FoU-prisen ved HVO i 2014.
Hausten 2017 peika Forskingsrådet ut Werenskjold som ein av to norske medlemmer av styringskomiteen for eit forskingsprogram støtta av EU. Werenskjold sit i styringskomiteen for Cost Action-programmet "New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent" CA16213 (2017-2021). Cost Action-programma er viktige faglege nettverk innanfor EU-forskinga og programmet Werenskjold har blitt med i tel fleire enn 30 land.