Ny kvinneleg professor
I eit styrevedtak 26. april vart Inger Marie Okkenhaug innvilga professorkompetanse i historie. Ho blir med dette den andre kvinna i høgskulen si historie på det høgste faglege nivået.
Okkenhaug er utdanna dr. art. i historie, ved Universitetet i Bergen. I 1992 leverte ho hovudoppgåva om ytterleggåande sionisme under den britiske mandatperioden i Palestina. Doktorgradsoppgåva hennar (1995-1999) handla om utdanning og unge kvinner i Palestina 1888-1942. Postdoktoravhandlinga, som ho leverte i 2003, såg på Anglikansk misjon og utdanning som identitetskonstruerende faktor i Uganga og Palestina 1920-1948.
Brei erfaring
Den nye professoren har brei erfaringskompetanse. Ho har vore redaktør for medlemsbladet til Den norske historiske forening, medlem av fleire fagrelaterte utval, og har ei lang rekkje publiseringar bak seg. Fram til ho vart tilsett ved Høgskulen i Volda i 2010, arbeidde ho som forskar ved Universitetet i Bergen. I Volda har ho hatt ansvar for to emne på masterprogrammet Kulturmøte. I tillegg til å undervise, rettleiar ho studentar på bachelor- og masternivå.
Solid historikar
Okkenhaug vert framheva som ein erfaren, solid og usedvanlig produktiv historikar. Ho har høg internasjonal forskingskompetanse, og har publisert på velrenommerte forlag.