Ny fagbok om planlegging

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Sidan tidleg på 80-talet har norske fagfolk som underviser i planlegging samarbeidd om å gi ut lærebøker i planlegging. I den nye boka Plan og samfunn har professor Roar Amdam ved Avdeling for samfunnsfag og historie skrive om samarbeidsdriven planlegging.

Plan og samfunn gir ein oversiktleg og oppdatert framstilling av norsk planlegging ti år etter at plan- og bygningsloven av 2008 blei vedtatt. I løpet av desse åra har planlegging blitt eit stadig viktigare reiskap for å forme samfunnsutviklinga og skape berekraftige og gode stader, byar og regionar. Boka retter seg mot forskarar, studentar, folkevalde og eit planinteressert publikum. Forfattarane har bakgrunn både frå planfaglege forskings- og utdanningsmiljø og frå norsk planpraksis.

Professor Roar Amdam ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag har bidratt til fleire bøker og han har i årets bok skrive om samarbeidsdriven planlegging. Dette omgrepet er ei norsk omsetting av omgrepet «collaborative planning».

Amdam sitt kapittel bidreg til den sentrale debatten i planleggingsfaget om korleis kombinere instrumentell og kommunikativ logikk. Kapittelet presenterer desse to logikkane, gjer greie for posisjonar og retningar i samarbeidsdriven planlegging, drøftar kvifor slik planlegging er ønskeleg, og viser samarbeidsdriven planlegging i praksis.

Boka er utgitt på Cappelen Damm Akademisk.

 

Professor Roar Amdam.

Del på