Ny dosent ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Birgitte Fondevik ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er tilkjent kompetanse som dosent i norskdidaktikk.

Dosent er ei toppstilling på same nivå som professor, men med ein anna fagleg basis. For å få tilkjent dosentkompetanse må ein dokumentere omfattande forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet. For dosenten er utøvarkompetansen sentral, kombinert med kompetanse i å utvikle og handtere komplekse yrkes- og profesjonsfelt. I tillegg blir det lagt stor vekt pedagogiske kvalifikasjonar. Kompetansen vert vurdert av ein fagleg kommisjon på same måten som ved vurdering av professorkompetanse.

– Eg søkte på toppstilling både ved Nord Universitet og OsloMet. Kommisjonane ved begge institusjonane tilkjente meg dosentkompetanse og innstilte meg på førsteplass, seier dosent Birgitte Fondevik. Det var fint å få anerkjenning for kompetansen min. Det hadde vore spennande å få arbeide i eit nytt fagmiljø, men no er det bestemt at eg blir i Volda. Tilsetjingsutvalet ved HVO har også tilkjent meg dosentkompetanse. Vi treng toppkompetanse på seksjonen vår for norsk i lærarutdanningane. Fondevik er den første med toppkompetanse, men ho understrekar at snart kjem fleire av kollegaene etter.

Praksis- og profesjonsretting

Alle forskings- og utviklingsprosjekta som Fondevik har delteke i, er knytt til praksisfeltet, det vil seie: barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring.

Birgitte Fondevik
Birgitte Fondevik ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er tilkjent kompetanse som dosent i norskdidaktikk.

– Eg synes det er veldig givande å få samarbeide med barnehagelærarane og lærarane ute i feltet om endring og utvikling av den pedagogiske praksisen. Kontakten med praksisfeltet gir innsikt i både  utfordringar, men også moglegheiter som dei står overfor i. Dette er gull verdt for meg som arbeider i lærarutdanninga. I undervisinga mi brukar eg praksiseksemplar for å hjelpe studentane med å kople teori og praksis.

Fondevik bestemte seg tidleg for å velje den alternative karrierevegen. Den let seg best kombinere både med forskarinteressene og med arbeidsoppgåvene hennar på HVO.  

-Eg kunne halde fram med dei ulike utviklingsprosjekta eg var engasjert i, og kople på forsking. Det siste prosjektet plasserte eg i ei aksjonsforskingsramme. Eg tenker aksjonsforsking må vere midt i kjerneområdet av arbeidsoppgåvene til ein dosent. Funna frå prosjekta har eg formidla gjennom fagfellevurderte artiklar, men også gjennom populærvitskapleg formidling som t.d. fagblogginnlegg, intervju, kronikkar, filmsnuttar, og metodisk rettleiar for lærarar. På denne måten har eg fått dokumentert både forskarkompetansen og utøvarkompetansen min. Båe deler er viktig for å få dosentopprykk.

Femårig førstelektorprogram

Ein må vere førstelektor for å søkje om dosentopprykk. Fondevik fortel at ho gjennomførte eit femårig førstelektorprogram ved Høgskolen i Oslo i perioden 2007-2012. Førstelektorprogrammet var lagt opp på same måte som eit doktorgradsprogram med ei rekkje obligatoriske kurs. Kursa hadde eit profesjonsretta innhald med bl.a. fokus på utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar i høgare utdanning.

– Deltaking i programmet har vore viktig for kompetansehevinga mi og for å bygge min faglege identitet. Eg trur fleire ville valt førstelektor-dosentløypa dersom dei kunne følgje eit slikt fast program, i tillegg til å få ein rettleiar. Det er sanneleg ikkje enkelt å orientere seg i dei uklåre retningslinene for opprykk på eiga hand.

Kommisjonsvurderinga

Når kommisjonen ved Nord Universitet konkluderer med at Birgitte Fondevik oppfyller krava til stillinga som dosent, legg dei mellom anna vekt på vedvarande og omfattande FoU-arbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet. Kommisjonen meiner Fondevik utmerker seg når det gjeld evne til å utnytte forskingspotensialet i dei mange utviklingsprosjekta ho har delteke i, og vurderer publikasjonane til å vere viktige bidrag på feltet. Vidare peikar kommisjonen på omfattande pedagogisk utviklingsarbeid og høge kvalifikasjonar innanfor området leiing av forskings- og utviklingsprosjekt samt relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervising og rettleiing.

Takk til Høgskulen i Volda

Høgskulen har ei intern stipendordning for å få fleire tilsette til å nå toppkompetanse. Fondevik var den første som gjekk dosentvegen gjennom ordninga.

– Eg er vil gjerne rette ein stor takk til høgskulen for at det vert lagt til rette for at også vi som vel den alternative karrierevegen, kan få stipend. Det treårige dosentstipendet har vore avgjerande for at eg skulle kome i mål. Eg vil også rette ei stor takk til praksisfeltet og alle dei flinke kollegaene mine som eg har samarbeidd med undervegs. Det må eit bra teamwork til for å avle fram ein dosent, smiler Birgitte.

Les meir om stipendordninga.
 

 

Del på