Ny bokserie for lærebøker

Mandag 14. august blei ein ny bokserie for lærebøker i universitets- og høgskulesektoren lansert. Serien heiter <B>Portalserien</B> og Sveinung Vaage ved HVO er redaktør.

Dei to første bøkene i serien blei lansert samtidig no til studiestart, og dreier seg om to tema som skulle vere av særleg interesse for nye studentar, ei bok om læring og ei om skriving.

laring


skriving

Meir om bøkene her:
http://www.abstrakt.no/

Abstrakt forlag er eit lite fagbokforlag for kvalitetslitteratur. Forlaget blei etablert i januar 1998 og arbeider først og fremst med lærebøker for høgare utdanning og fagbøker for lesarar med slik utdanningsbakgrunn.

Forlaget konsentrerer seg særlig om bøker om estetikk, pedagogikk og psykologiske fag, men gir også ut litteratur innan andre samfunnsfag og humaniora.

vaage-s
Sveinung Vaage er redaktør for den
nye Portalserien frå Abstrakt forlag.

Del på: