Ny bok: Themes in Issues, Risk and Crisis Communication
Tilsette ved Avdeling for mediefag er sterkt representerte i ei bok som nett har kome ut på forlaget Peter Lang: Themes in Issues, Risk and Crisis Communication. Redaktør for boka er førsteamanuensis Burcu Sabuncuoglu Peksevgen i samarbeid med Kristian Fuglseth, Erling Sivertsen og Jan Arne Halvorsen.
Antologien tek sikte på å gi forskarar, praktikarar og studentar ny innsikt frå nyare casestudium og anvendt teori. Fleire av artiklane er kritiske til det dominerande organisasjons- og systemperspektivet, og eit viktig mål for denne antologien er å vere ei påminning om viktigheita av menneskelege og sosiale perspektiv.
– Gløymer å lytte
– Undersøkingane vi har gjennomført viser at organisasjonar og leiarar som skal handtere vanskelege saker og situasjonar, ofte gløymer å lytte godt nok til menneska som på eitt eller anna vis er involverte. Leiarane er mest opptekne av følgje prosedyrar, reglar og system som er bestemt på førehand. Men kva skjer viss involverte og publikum ikkje er samde i leiinga si handtering, seier høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Institutt for kommunikasjon ved Avdeling for mediefag (AMF).
Manglar verktøy
– Fleire av funna i boka peikar på risikoen for at kriser får langt større konsekvensar enn naudsynt viss organisasjonar og system manglar bakkekontakt. Vi har sett at kommunar, offentlege organisasjonar og private verksemder ikkje har gode nok verktøy til å fange opp og vurdere slike risikoar, noko som fører til at ein ikkje kan bu seg på dei fulle konsekvensane av ei uynskt hending, seier Fuglseth.
I alt er det åtte AMF-tilsette som har bidrege i boka:
- Førsteamanuensis Sefik Peksevgen: "Remembrance of the Things Past: Crisis Management When a Sultan Dies"
- Høgskulelektor Kristian Fuglseth: "Issues Management in Local Government: A Case Study of Risk Assessment and Issue Management in National Contingency Plans for Local Governments"
- Professor Svein Brurås: "Crisis Reporting and the Ethics of News Media"
- Førsteamanuensis Idar Flo: "Framing of the Child Welfare Services in the «Naustdal-Case»"
- Førsteamanuensis Burcu Peksevgen, førsteamanuensis Erling Sivertsen, førstelektor Jan Arne Halvorsen: "A New Habitats for Universities in Norway: Crisis in Democracy"
- Stipendiat Endre Eidsaa Larsen: "Abounaddara and the Concept of Dignified Images"
Pensum
Eit viktig trekk ved boka er den tverrfaglege tilnærminga. Boka er allereie pensum på Mastergrad i planlegging og administrasjon og Master in Media Practices. Emna er Offentleg leiing og kommunikasjon (IPA303) og Risk Communication and Issues Management (MMP311), som til saman utgjer ein mastermodul på 30 studiepoeng.