Ny bok om Matias Orheim
I desse dagar kjem Birger Løvlie ut med ei bok om salmediktaren, komponisten og romanforfattaren Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord. I samband med bokutgjevinga vert det eit eige arrangement på Orheimstunet på Stårheim 10. november kl. 19.
Han stod fram som diktar i ei tid som var prega av kulturell, kyrkjeleg og politisk spenning, og han gjekk aldri av vegen for ein kamp for visjonane sine. Han var med på å kristne både nynorsken og fela for bedehusfolket, og vart ei viktig kjelde til forståing av det særmerkte i vestnorsk kultur.
I boka ”Kor mykje stort … Matias Orheim, hans bidrag til vestnorsk kultur og kristenliv” er det Orheim sine røter i vestnorsk kultur i tida omkring førre hundreårsskifte som er hovudsaka. Birger Løvlie ønskjer å vise korleis Orheim prega denne kulturen med ein bodskap med mange fasettar som til saman utgjorde ein særeigen spiritualitet.
Laurdag 10. november kl. 19 vert det ei eiga tilstelning med presentasjon av boka på Orheimstunet på Stårheim, der det er bygt opp eit museum etter Matias Orheim.
Birger Løvlie er førsteamanuensis ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. Boka kjem ut på Tapir akademiske forlag i skriftserien Kyrkjefag Profil.