Ny bok om kinesisk religion
Professor Arne Redse har gitt ut boka "Kinesisk religion og religiøsitet" på Tapir forlag. Boka er unik: Det finst ikkje andre framstillingar av kinesisk religion av dette omfanget på norsk.
Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske.
Redse si bok er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane".
Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis. Konfutsianismen reknar Kong Fuzi (Konfutsius) som sin viktigaste læremeister. Daoismen er bygd på læra til vismannen Laozi. Buddhismen var i utgangspunktet ein framand religion i Kina, innførd frå Buddha sitt heimland, India.
Boka er skriven med tanke på behovet i religions- og kulturstudiar ved universitet og høgskular.
Arne Redse er utdanna teolog og er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han underviser også ved Fjellhaug Misjonshøgskole i Oslo. Han var misjonsprest i Hong Kong frå 1983 til 1993 der han mellom anna underviste ved Lutheran Theological Seminary. Han har publisert fleire bøker innan systematisk og praktisk teologi.
I Bibsys Ask kan du finne fleire publikasjonar av Arne Redse.