Ny bok: Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen
Boka, som blir gitt ut av Ivar Aasen-selskapet, er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla frå 1862 og til tidleg i 1880-åra.
Det aller meste er leksikalt tilfang som Aasen skreiv opp på dei seks reisene han gjorde i desse åra, den siste til Stavanger seinsommaren 1883. Aasen samla òg ord frå informantar frå bygdene som vitja Oslo eller var busette der, og han skreiv opp frå skriftlege kjelder. Såleis er ord frå alle landsdelar komne med i denne boka.
Boka er utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og førsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Professor Jarle Bondevik og førsteamanuensis
Terje Aarset.(Arkivfoto)
Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gi ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gir ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.