Ny bok: Kringkastingshistoria i Møre og Romsdal
Boka er blitt til i eit samarbeid mellom NRK Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag. Forfattar er redaktør Asbjørn Gjærde, den tidlegare sjefen for kringkastinga i Møre og Romsdal.
Kringkastingshistoria i Møre og Romsdal går attende til krystallapparatets dagar for rundt åtti år sidan. Den starta i Ålesund, først med eit lite radiolag, dernest med eit privat selskap som i 1933 vart oppkjøpt av det nyskipa Norsk rikskringkasting.
Vel møtt til sendinga, som boka heiter, er den første samla framstillinga av kringkastingshistoria i Møre og Romsdal frå den varsame starten midt på 1920-talet fram til i dag.
NRK Møre og Romsdal er den einaste mediebedrifta med heile fylket som arbeids- og dekningsområde både når det gjeld radio og fjernsyn. Historia til distriktskontoret er lang og tradisjonsrik. Samtidig har den til tider – først og fremst under krigen, men også i omstillingsperiodar – vore dramatisk og spennande.
Boka er på 240 sider, har mange bilete og kostar 150 kroner. Den kan kjøpast hos NRK Møre og Romsdal og i bokhandelen Gnist Møre ved Høgskulen i Volda.
Asbjørn Gjærde
Vel møtt til sendinga
Kringkastingshistoria i Møre og Romsdal
1925-2005
239 sider
kr.150.00